Bitcoin-utvinning og norsk kraft på seminar i Oslo
Bitcoinpolitisk Institutt Noreg held eit gratis halvdagsseminar om bitcoin-utvinning og norsk kraft på Litteraturhuset i Oslo måndag 14. september, med forskarar, bransjefolk og politikarar, melder Kaupr. Programmet tek for seg kor mykje kraft utvinning faktisk krev, kva ho gjer med kraftsystemet og kva som står på spel politisk. Blant innleiarane er Rachel Geyer frå European Bitcoin Energy Association og tidlegare energiminister Ola Borten Moe, og seminaret blir strøymt.